LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Middag

Vegetarpizza med mellomgrov, tynn pizzabunn

45 min
1 stk
Medium
Vegetarpizza med mellomgrov, tynn pizzabunn

Det er mandag igjen, og mandag her på bloggen er alltid kjøttfri, uansett om eg deler frukost, lunsj eller middagstips/oppskrift. Idag er det vegetarpizza på menyen, med heimelaga, mellomgrov, tynn pizzabunn og vegetarfyll:

Vegetarpizza med mellomgrov, tynn pizzabunn - image 1

Eg har brukt Veg Me deig som eg fikk sponsa Bama når eg hadde samarbeid med dei i mars, og sjølv om produktet er sponsa ift. dette samarbeidet, så er ikkje dette eit samarbeid eller reklameinnlegg, berre så det er sagt 😉 Veg Me deiga var egentlig det produktet eg likte best, og den har blitt brukt til både pizza, lasagne og wraps i ettertid. Slike vegetar-alternativ er ikkje noko eg ete mykje av, men en gang iblant synes eg det er heilt topp som eit vegetarisk alternativ til kjøtt.

Vegetarpizza med mellomgrov, tynn pizzabunn - image 2

Dette trenger du til 1 stk

Deig

2 dl kveitemjøl eller speltmjøl
1 dl havremjøl
2-3 ss olje
0,33 pk tærrgjær
0,5 ts salt
1,2 dl vatn

Fyll

0,5 pk vegme deig
100 g sopp
0,5 stk løk
2 fedd kvitløk
0,5 stk paprika
ost

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

Bland saman ingrediensane til en jevn deig. La den etterheve til dobbel størrelse. Bruk litt mjøl på benken og kjevle deiga ut til en rund pizzabunn. La deiga etterheve i 15 minutt, og forsteik deretter bunnen på 225 grader til den er lett gyllen.

Ta ut pizzabunnen og topp med ønska fyll, før du setter pizzaen tilbake i ovnen til osten er smelta og gyllen.

Som fyll brukte eg 1/2 pk VegMe deig, som eg steikte sammen med 100 g sopp, 1/2 løk og 2 fedd finhakka kvitløk + krydder. Først smurte eg pizzasaus i bunn (eg hadde kjøpt Peppes-pizzasaus, men her kan du og bruke ketchup, tomatpure, lage din egen pizzasaus eller lignande), hadde over fyllet, litt paprika i terninger og tilslutt revet ost. Her servert med aiolien til VegMe;

En enkel og god pizza uten kjøtt – men som som virkelig ikkje smaker som eit typisk vegetarmåltid. Familien er alltid skeptisk til vegetarmiddager eg lager, men denne pizzaen – den digga dei. Og eg er faktisk litt usikker på om dei skjønte det var veggispizza, hehe 😉