LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Frokost og lunsj

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks

55 min
20 stk
Lett
Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks

… perfekt med brunost på♥

Overskrifta blei vel lang, så eg droppa den siste delen 😉 Men dette er altså tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks er knasande gode aleine, men ekstra gode med pålegg på. Brunost er min favoritt, men dei er også gode med kvitost, cottage cheese & syltetøy, blåmuggost & honning… Veldig gode til fleire typer ost, rett og slett!

Havrekjeksa er sukkerfri, og kan fint lagast glutenfri og/eller melkefri for dei om treng det. Men – du bestemmer heilt sjølv kva søtning du vil bruke, og foretrekker du sukker framover sukrin gold, så er det heilt uproblematisk å bruke det:

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks - image 1

Dette trenger du til 20 stk

Havrekjeks

3 dl havregryn
1 dl melk
40 g smør
1 ts bakepulver
2 ss sukrin gold
2 ss sikta speltmjøl/kveitemjøl/glutenfritt mjøl
klyper salt
smakstilseting

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

1. Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Bland havregryn med melk og smør, la stå i 5-10 minutt. Bland så inn resten av ingrediensane til en deig.

2. Bruk litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken til utbaking. Kjevle deiga forsiktig ut til 2-4 mm tjukkelse og stikk/skjær ut passelige former.

3. Bruk en steikespade eller ostehøvel for å flytte kjeksa over på eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutt, til kjeksa er gylne.

4. Havrekjeksa skal no vere sprø, men eit tips dersom du vil vere heilt sikker: lat opp ovnsdøra for å slippe ut ein del varme, og la deretter kjeksa stå i ettervarmen i ovnen i minst 30 minutt, gjerne lengre. Avkjøl på rist.

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks - image 1

Kjeksa oppbevarer du i en kakeboks eller i eit glass på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Dei står seg i vekesvis!

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks - image 2
Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks - image 3
Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks - image 4
Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks - image 5

Håper fleire har lyst å prøve desse kjeksa♥ Og har du forresten sett oppskrifta før, så er den faktisk delt for 4,5 år sidan her! Det blir litt ekstra fokus på jul no framover, eg har så mange oppskrifter eg vil dele med dokke 🙂 MEN eg skal diske opp med litt anna enn berre julekaker og juleoppskrifter også innimellom (men ikkje så alt for ofte, hehe). Eg veit vertfall at oppskriftene blir satt pris på hos veldig mange, og visst man er på utkikk etter andre ting, så har eg jo hundrevis (om ikkje tusenvis) av oppskrifter i arkivet 😀 Stay tuned!

→ For melkefri kjeks bruker du melkefri margarin eller ghee og plantebasert melk.

→ Smakstilsetning: vil du ha litt ekstra smak på havrekjeksa er det veldig godt med 1/2-1 ts kanel, kardemomme og/eller vaniljepulver. Eg lagde dei nøytrale denne gangen, og synes det er minst like godt.