LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Mellommåltid

Sunne, seige peanøttkjeks

20 min
20 stk
Lett
Sunne, seige peanøttkjeks

Heisann!

Det begynner å bli ein del varianter av desse seige, søte nøttekjeksa her på bloggen – men det er rett og slett fordi dei er så sjukt gode! Ikkje minst så er dei superenkle å slenge sammen, krever ikkje så mange ingredienser og står seg godt i ein kakeboks. Desse kjeksa er virkelig verdt å prøve om du ikkje har testa dei enda 🙂

Dagens variant er litt ny; den er med salte peanøtter, valnøtter og biter av dadler. Fantastisk gode, og kanskje (?) favoritten hittil.

Sunne, seige peanøttkjeks - image 1

Kjeksa er uten tilsatt sukker, gluten og melk. Dei passer like godt til mellommåltid som tursnacks eller sunnare kos 🙂

Sunne, seige peanøttkjeks - image 2

Tips & alternativer* ♦ Du kan sjølvsagt sløyfe biter av dadler, men det blir utrulig godt med! ♦ Har du ikkje sukrin gold? Bruk anna valgfri søtning tilsvarande 3 ss sukker. ♦ Eg vil ikkje anbefale å bruke noko anna enn fibersirup. Fibersirup er nettopp den superingrediensen som gir kjeksa seig kjerne, sprø kanter i tillegg til sødme og smak. Alternativet er ibersirup gold, men då må du kutte ned på Sukrin Gold.

Dette trenger du til 20 stk

110 g salte peanøtter
110 g valnøtter
3 ss sukrin gold
1 stk eggekvite
100 g fibersirup clear
0,33 ts kanel
3 stk dadler

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

2. Grovmal nøttene i en kraftig blendar eller foodprosessor.

3. Vend inn resten av ingrediensane.

4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir og trykk ei valnøtt ned i midten.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist.

Tips & alternativer*
♦ Du kan sjølvsagt sløyfe biter av dadler, men det blir utrulig godt med!

♦ Har du ikkje sukrin gold? Bruk anna valgfri søtning tilsvarande 3 ss sukker.

♦ Eg vil ikkje anbefale å bruke noko anna enn fibersirup. Fibersirup er nettopp den superingrediensen som gir kjeksa seig kjerne, sprø kanter i tillegg til sødme og smak. Alternativet er ibersirup gold, men då må du kutte ned på Sukrin Gold.

Som nevnt; kjeksa blir seige, får sprø kanter og er rett og slett skikkelig saftige. Heilt perfekt konsistens etter mi meining!

Aller best smaka dei til ei kopp kaffi, enten det er i sofakroken heime eller på tur 🙂

Då gjenstår det å ønske dokke ei riktig god helg!

Eg går i møte med ei helg som både blir travel, lærerik og svært langt ut av komfortsonen. JENTEPUST arrangerast i Førde ikveld og Sogndal imorgon, der eg er 1 av 5 foredragsholdere;

Det blir ca. 600 stk i salen ikveld, og ca. 400 stk i salen imorgon. Eg har aldri stått framfor så mange personer før, og eg kjenner at nervande virkelig begynner å komme… Eg har forberedt meg godt og trur det kjem til å gå bra, men det blir virkelig en ny opplevelse for min del. Ønsk meg gjerne lykke til!!♥

Nyt helga, godtfolket 🙂 

1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

Sunne, seige peanøttkjeks | Linda Stuhaug