Sunne pepperkakecookies med 3 ingredienser

Hei!
Vi fortsetter med det søte til jul, er det nokon som er lei så er det berre å finne noko anna fristande i arkivet, hehe♥ Idag har eg nemlig en oppskrift på sunne pepperkakecookies eg vil dele med dokke! Desse lager på raskt og enkelt med kun 3 ingredienser (+ litt salt), og dei er skikkelig gode. Nydelig pepperkakesmak i ein søt, seig cookie – nam!
Kjeksa lager du heilt uten helsekostprodukt, og dei inneholder bokstavligtalt kun dadler, nøtter og pepperkakekrydder. Heilt fri fra tilsatt sukker, gluten, melk, egg 🙂
Pepperkakecookiesane er ein kombinasjon av desse to oppskriftene:
Sunne brownieskjekt med 4 ingredienser →oppskrift her. Desse har vore i arkivet ei stund, og er ein favoritt hos mange.
Sunne, digge pepperkakekuler →oppskrift her. Desse delte eg forrige veke, og oppskrifta er blitt skikkelig populær allerede!
Dette trenger du til 12 stk
Pepperkakecookies
Fremgangsmåte
Slik gjer du:
Sett ovnen på 180 grader. Ha ingrediensane i en kraftig blendar eller foodprosessor. Kjør til en jevn og klumpfri masse i 1-2 minutt, til alt er klebig.
Del deiga i 12 deler, trikk til kuler og press flate cookies mellom hendene. Ha over på eit steikebrett med bakepapir. Trykk gjerne nedi ei nøtt i midten.
Steik midt i ovnen i 7-8 minutter, til du ser at kjeksa begynner å bli gylne i kantane. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks eller matboks – gjerne i kjøleskap.

Supre cookies for dei som vil ha eit sunnare alternativ, for dei som har allergier, for dei som må finne erstatninger eller for kven som helst andre 🙂

Håper det ser fristande ut 😀
Velbekomme og ha en herlig torsdag♥