LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Sunnare søtsaker

Sukkerfri, seige kransekakestenger

24 min
15 stk
Lett
Sukkerfri, seige kransekakestenger

Heisann!

Dette innlegget med oppskrift på sukkerfri, seige kransekakestenger blei først delt 11. desember 2018. Denne oppskrifta blei min aller, aller mest populære juleoppskrift i 2018. Definitivt ein favoritt hos mange – inkludert meg sjølv 🙂

MEN, idag oppdaterer eg innlegget med nye bilder og litt ny oppskrift. Kvifor? Jo, for ein av hovedingrediensane i kransekakestengene (Fibersirup Clear) er ute av produksjon. Dette var ein heilt vesentlig ingrediens for å få den seige, gode konsistensen i kransekakestengene. Derfor lar eg den tidligare oppskrifta stå (for alle de som fortsatt har Fibersirup Clear i skapet) og samtidig oppdaterer med en ny vri der eg bruker Sukrinsirup Gold. Sukrinsirup Gold er erstatninga som er komt for Fibersirup, og vil du vite meir om det kan du lese DETTEinnlegget 🙂

PS! Eg har enda ein oppskrift på seige kransekakestenger her på bloggen. Denne oppskrifta er delt tilbake i 2014 og i den har eg brukt dadler som søtning, som samtidig gir ein seig og god konsistens. Dersom du ikkje har Fibersirup eller Sukrinsirup så er denne tidligare oppskrifta til å anbefale for å få kransekakene slik dei skal vere: seige, søte og gode♥

Oppskrifta finner du HER. Samme oppskrift har eg også i kransekakekjeks ↓ som du finner HER.

TIPS OG ALTERNATIVER → Mandelmjøl: eg anbefaler å kjøpe ferdigmalt mandelmjøl (ikkje fettredusert) på butikken. Dei fleste dagligvarebutikker har dette. Du kan også male mandlane sjølv, men det er vanskelig å få en like finmalt konsistens. Dersom du maler mandlane sjølv er det mulig du må redusere mengden sirup for å unngå at kransekakestengene flyter utover.

→ Kransekakestengene er gode i seg sjølv, men pynt gjerne med ekstra sjokolade slik som eg har gjort♥ Eg brukte mørk 70% sjokolade, men bruk gjerne lys sjokolade, eller eventuelt kvit sjokolade.

Kransekakestengene oppbevarer du i en kakeboks. Den står seg fint på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Dei kan også fint frysast og smaker like godt etter å ha vore fryst (eg fryste mine uten sjokolade, og tok heller på sjokolade etterpå) 🙂

Så heilt på tampen; kva er min dom ved bruk av Sukrinsirup VS Fibersirup? Det var absolutt godt smaksmessig, men det blir ikkje 100% det samme ift. konsistensen ved bruk av Sukrinsirup istedenfor Fibersirup. Konsistensen blir litt seigare og bedre ved bruk av Fibersirup, men den blei likevell nokoklunde seig og god ved bruk av Sukrinsirup – berre ikkje heeeilt det same 🙂 MEN, per idag er Sukrinsirup det einaste alternativet vi har til Fibersirup, så andre alternativer er det rett og slett ikkje!

Håper uansett at det ser fristande ut♥ Eg kjem til å lage desse fleire ganger framover, for desse blir garantert ein favoritt i her i hus – på samme måte som i fjor.

Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskrifter de prøver ut, enten det er her på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida miHER. Tag gjerne #lindastuhaug når du deler oppskrifter på instagram også, så finner eg dei igjen 🙂

Dette trenger du til 15 stk

Deig

200 g mandelmjøl
90 g fibersirup clear
4 ss sukrin gold
klyper salt

Deig

200 g mandelmjøl
100 g sukrinsirup gold
1 ts sukrin+
klyper salt

Fremgangsmåte

Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Bland mandelmjøl med Sukrin Gold og salt før du vender inn Fibersirup Clear. Bruk handa og kna godt til alt er blanda saman. Konsistensen skal vere en som ein fuktig, kompakt deig, bruk litt ekstra Fibersirup om nødvendig.

Trill deiga ut til ei pølse og del opp i passelige biter. Eg vog mine kransekakestenger til 20 g, men du kan lage både mindre og større etter smak og behag. Trill ut til avlange pølser og legg på eit stekebrett med bakepapir.

Steik kransekakestengene midt i ovnen 8-12 minutt, til en lett, gyllen brunfarge. Pass på å ikkje steike for lenge, då blir dei meir sprø enn seige. Avkjøl.

Sukkerfri, seige kransekakestenger med SUKRINSIRUP GOLD

Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Bland mandelmjøl med Sukrin+ og salt før du vender inn Sukrinsirup Gold. Bruk handa og kna godt til alt er blanda saman. Konsistensen skal vere en som ein fuktig, kompakt deig, bruk litt ekstra Fibersirup om nødvendig.

TIPS OG ALTERNATIVER
→ Mandelmjøl: eg anbefaler å kjøpe ferdigmalt mandelmjøl (ikkje fettredusert) på butikken. Dei fleste dagligvarebutikker har dette. Du kan også male mandlane sjølv, men det er vanskelig å få en like finmalt konsistens. Dersom du maler mandlane sjølv er det mulig du må redusere mengden sirup for å unngå at kransekakestengene flyter utover.

→ Kransekakestengene er gode i seg sjølv, men pynt gjerne med ekstra sjokolade slik som eg har gjort♥ Eg brukte mørk 70% sjokolade, men bruk gjerne lys sjokolade, eller eventuelt kvit sjokolade.

Kransekakestengene oppbevarer du i en kakeboks. Den står seg fint på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Dei kan også fint frysast og smaker like godt etter å ha vore fryst (eg fryste mine uten sjokolade, og tok heller på sjokolade etterpå) 🙂

Så heilt på tampen; kva er min dom ved bruk av Sukrinsirup VS Fibersirup?
Det var absolutt godt smaksmessig, men det blir ikkje 100% det samme ift. konsistensen ved bruk av Sukrinsirup istedenfor Fibersirup. Konsistensen blir litt seigare og bedre ved bruk av Fibersirup, men den blei likevell nokoklunde seig og god ved bruk av Sukrinsirup – berre ikkje heeeilt det samme 🙂 MEN, per idag er Sukrinsirup det einaste alternativet vi har til Fibersirup, så andre alternativer er det rett og slett ikkje!

Håper uansett at det ser fristande ut♥ Eg kjem til å lage desse fleire ganger framover, for desse blir garantert ein favoritt i her i hus – på samme måte som i fjor.

Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskrifter de prøver ut, enten det er her på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida miHER. Tag gjerne #lindastuhaug når du deler oppskrifter på instagram også, så finner eg dei igjen 🙂