Sukkerfri riskrem med deilig bærsaus

God mandag!
Eg har fortsatt ein del juleoppskrifter eg vil dele før jul, og idag er det riskrem som står for tur 🙂 Eg har fått enormt mange spørsmål om eg kan lage ein sukkerfri riskrem med en digg saus, og det har eg no gjort!
Å lage riskrem uten sukker er verdens enklaste greie, her er det berre å bytte ut sukker med sukkererstatning. Riskremen består likevell av risengrynsgraut og krem, slik som den skal vere, men kan også lagast litt magrare ved å bytte ut deler av fløyta (les tips!) 🙂 Som saus har eg laga ein deilig bærsaus av bringebær og jordbær; den blei frisk, men samtidig søt og god:

Dette trenger du til 6 porsjoner
Sukkerfri riskrem
Deilig bærsaus
Til servering
Fremgangsmåte
Slik gjer du:
Riskrem: visp fløyte og søtning til ein fyldig krem. Vend litt og litt krem inn i grauten til den konsistensen du ønsker. Eg brukte all kremen til 800 g graut, men det vil variere etter smak & behag og kor fyldig grauten er.
Deilig bærsaus: kok opp jordbær, bringebær og vatn i en kjele til bæra er mjuke og varme. Mos klumpfritt med en stavmiksar. Smak til med sukrin+ etter kor søt du ønsker sausen. Avkjøl.
Server gjerne riskremen med litt hakka mandler, og hell over saus til servering♥
Tips og alternativ
→ Saus: du kan sjølvsagt lage sausen av kun bringebær eller kun jordbær også, eller du kan bruke andre typer bær etter ønske.
→ Riskrem:eg har også laga riskremen med byggrynsgraut istedenfor risengrynsgraut, det falt veldig godt i smak i heimen og kan virkelig anbefalast! Byggrynsgraut har litt meir tekstur i forhold til risengrynsgraut, så ein får litt meir å tygge på. I tillegg er byggrynsgraut meir næringsrikt med høgare innhold av blant anna fiber og protein. Dette er gjerne eit bedre alternativ for dei med diabetes ift. blodsukkerstigning 🙂
→ Ønsker du ein litt magrare variant av riskremen kan du bytte ut halvparten av fløyta og søtning med 200-250 g vaniljekesam.
→ Sukrin+ i både riskremen og sausen kan byttast med anna søtning tilsvarande 6-8 ss sukker.
Heilt desserten er latterlig rask og enkel å lage. Den krever heller ikkje så mange ingredienser, og er en slager hos mange til jul eller på julafta 🙂 Eg skal ærlig innrømme at det er langt ifra min favorittdessert og eit par spiseskeier med riskrem holde i massevis for meg, men sausen – den forsyner eg meg godt av♥
Pleier du å ha riskrem til jul? 😀
→ Riskrem: eg har også laga riskremen med byggrynsgraut istedenfor risengrynsgraut, det falt veldig godt i smak i heimen og kan virkelig anbefalast! Byggrynsgraut har litt meir tekstur i forhold til risengrynsgraut, så ein får litt meir å tygge på. I tillegg er byggrynsgraut meir næringsrikt med høgare innhold av blant anna fiber og protein. Dette er gjerne eit bedre alternativ for dei med diabetes ift. blodsukkerstigning 🙂