LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Sunnare søtsaker

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime

720 min
8 stk
Medium
Sukkerfri ostekake med vanilje og lime

Endelig fredag!

Eg reiser til Gol for å stå på ski denne helga, så det blir verken fastelavensbolla eller morsdagskake her i gården, men det betyr ikkje at eg kan dele oppskrifter med dåkke fordet! Fastelavensbolla delte eg oppskrift på HER på onsdag, så då det er morsdagskaka som gjenstår…

Eg lurte på om eg skulle lage eit oppsummeringsinnlegg, men det er jo ikkje sikkert det absolutt er kake alle vil ha. Går du i menyen min så finner du sukkerfri, søte oppskrifter under «Snacks», «Desserter», «Kaker», «Muffins» og «Oppskrifter uten helsekostprodukt» så kan jo man scrolle og finne det som frister 🙂 Dagens oppskrift fra meg blir denne nydelig ostekaka!

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime - image 1

Foto: Jon Marius Nilsson

Ostekake har eg delt tidligare, men denne oppdaterte oppskrifta og bildene finner du kun i boka mi. I første opplag forsvant dessverre gelatinplatene frå ingredienslista, så derfor har eg lyst å dele oppskrifta med dåkke her på bloggen, så det er mulig å finne den igjen for alle 🙂 (Det blei sendt ut informasjonsmail til alle som hadde forhåndsbestilt/bestilt boka frå dette opplaget).

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime - image 2

Ei enkel, sukkerfri kake som passer heile familien, om man vil eller må lage eit sukkerfritt og/eller glutenfritt/laktosefritt/sunnare alternativ.

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime - image 3

Dette trenger du til 8 stk

Bunn

50 g havregryn
100 g mandlar
100 g dadlar
2 ts sukrin+
10 g smør

Fyll

400 g kremost
300 g gresk yoghurt
2 dl melk
0,5 stk lime
4 ss sukrin+
5 plater gelatinplater
1 ts vaniljepulver
1 stk vaniljestang

Topping

friske bær

Fremgangsmåte

Framgangsmåte

1. Køyr alle ingrediensane til bunnen utanom smør i ein kraftig blender eller foodprosessor i ca. 2 minutt til alt er godt malt og du får ein klissete masse. Tilsett smelta smør og bland godt. Juster eventuelt med litt meir smør om nødvendig.

2. Fordel massen i ei form med diameter på 22 cm og trykk den jamt og kompakt utover. Sett bunnen i frysaren medan du lager fyllet.

3. Kok forsiktig opp melk, Sukrin+, vaniljepulver og frø frå 1 vaniljestang. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3–4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og smelt i den varme melke­ blandinga. Avkjøl litt.

4. Rør saman kremost, yoghurt og limesaft. Visp deretter melke­ blandinga inn i ostemassen.

5. Hell blandinga over bunnen og sett til avkjøling, gjerne natta over. Oppbevar ostekaka i kjøleskap, den holder seg fint eit par- tre dager.

Foto: Jon Marius Nilsson

Tips og alternativ Ostekaka kan fint lagast laktosefri; då bruker du berre laktosefri philadelphia, yoghurt og melk.

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime - image 1

Håper det frister, godtfolk!

Då gjenstår det å sei riktig god helg, nyt den ♥