LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Frokost og lunsj

Smakfull speltfocaccia

110 min
12 stk
Lett
Smakfull speltfocaccia

God fredag!

Eg har laga nokon gode varianter av focaccia i det siste. Når eg er heime og lager middag til gjengen synes eg det er kjekt å lage litt ekstra tilbehør, og då blir focaccia alltid tatt godt imot.

Grunnoppskrifta på speltfocaccia har eg satt – den er superenkel og blir alltid vellykka. Saftig, luftig med sprø overflate – slik eg meiner focacciaen skal vere! Denne har eg delt før blant anna her, og har blitt tatt godt imot av veldig mange.

Smakfull speltfocaccia - image 1

Det eg derimot varierer fra gang til gang er toppingen/ekstra ingredienser i deiga. Dette varierer eg etter kva eg har lyst på, kva eg har tilgjengelig og ikkje minst kva focacciaen skal serverast til.

Denne gangen lagde eg en smakfull variant med fetaost og spekepølse, som blei ekstra smakfullt og godt. Anbefalast!

Smakfull speltfocaccia - image 2

* kan og bruke kveitemjøl. Eg bytta ut 50 g speltmjøl med fiberfin for å få eit litt meir fiberrikt focacciabrød.

Smakfull speltfocaccia - image 3

Dette trenger du til 12 stk

Deig

500 g speltmjøl
0,5 pk tørrgjær
1 ts salt
1 ss honning
4 dl vatn
2 ss olivenolje

Topping

2-4 ss olivenolje
fetaost
spekepølse
rosmarin
salt

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

Bland saman speltmel og tørrgjær, sikt det over i en bolle. Tilsett salt, honning og vatn, bland godt til en jevn og litt flytande deig. Vend inn olje til slutt. La deiga heve på en lun plass i 60 minutter.

Hell deiga over i en liten langpanne. Etterhev i 20-30 minutter. Fordel olje på toppen og trykk fingrene lett ned i deigen. Strø over fetaost og spekepølse i mindre biter, avslutt med rosmarin og salt.

Steik focacciaen på 225 grader, over-undervarme i 15-20 minutter, eller til overflaten er gyllen og sprø. Avkjøl litt før servering.

Smakfull speltfocaccia - image 1

Skjær opp i passelige biter og server til suppe, salat, koldtbord, tapasbord, grillmaten eller der det måtte passe 🙂

Håper det smaker!

Ha ei nydelig helg♥

Smakfull speltfocaccia | Linda Stuhaug