LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Mellommåltid

Seige, søte peanøttkjeks med sjokolade

20 min
20 stk
Lett
Seige, søte peanøttkjeks med sjokolade

God fredag alle sammen!

Er de klare for helg etter ei noko kort veke? Eg er ganske så forvirra i hode og føler på alle måter at det berre er onsdag idag, men helga er sjølvsagt velkommen uansett 🙂

Idag tenkte eg å dele oppskrift på nokre knallgode kjeks. Desse peanøttkjeksa med sjokolade er seige med en sprø utside – perfekt konsistens etter min smak! I tillegg er dei søte, inneholder salte peanøtter i kombinasjon med sjokolade, og det veit vi jo alle rett og slett er superdigg.

Kjeksa er uten tilsatt sukker, naturlig glutenfri og kan lagast melkefri (bruk melkefri sjokolade, eller eventuelt dropp sjokoladetrekket). Supre å nye som sunnare snacks, enten det er til kaffikoppen eller på tur 🙂

Dette trenger du til 20 stk

Deig

110 g salte peanøtter
110 g valnøtter
3 ss sukrin gold
1 stk eggekvite
100 g fibersirup clear
0,33 ts kanel
50 g sukkerfri sjokolade

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

2. Grovmal nøttene i en kraftig blendar eller foodprosessor.

3. Vend inn resten av ingrediensane.

4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir og trykk ei valnøtt ned i midten.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist.

6. Når kjeksa er avkjølte smelter du sjokolade og dypper halve kjeksen nedi. Avkjøl til sjokoladen er stivna, og oppbevar kjeksa i en kakeboks.

Seige, søte peanøttkjeks med sjokolade - image 1

Tips og alternativ*
→ Fibersirup clear er jo gått ut av produksjon, men eg veit mange har denne heime enda. Har du den derimot ikkje kan den byttast med den nye Sukrinsirupen. Denne er søtare, så då holder det med 1-2 ss sukrin gold i tillegg.

→ Sukrin gold kan og byttast med anna søtning tilsvarande 3 ss sukker (evt. 1-2 ss sukker om du bruker Sukrinsirup).

Lignande kjeks har eg delt i fleire varianter tidligare – og desse har virkelig falt i smak hos de lesere. Dagens variant er en ny vri, men er minst like gode (om ikkje bedre!) enn fleire av dei eg har delt før 🙂

Velbekomme, nyt en deilig kjeks eller to♥ Og ikkje minst… god helg!

1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

Seige, søte peanøttkjeks med sjokolade | Linda Stuhaug