Ovnsbakt Stange kyllinglår med smakfull quinoasalat

Heisann!
Kvardagsmiddagane mine blir som regel til av det eg finner heime, og når eg fant en pakke med Stange kyllinglår i frysaren, så var det berre å ruske saman tilbehøret av det eg hadde tilgjengelig. Det blei en komplett og digg middag med smakfull quinoasalat som tilbehør. Ikkje så fancy, men veldig godt og superenkelt – quinoa har eg fått skikkelig smaken for og det løfter virkelig ein kvar rett!

Dette trenger du til 3 porsjoner
Ovnsbakt stange kyllinglår
Quinoasalat
Fremgangsmåte
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader varmluft. Legg låra i en ildfast form med skinnsida opp. Ha over krydder, kvitløk og chili. Fordel tynne ostehøvelskiver med smør over kyllingen. Steik midt i ovnen i ca. 25 minutt, deretter setter du på grillfunksjon og plasser kyllingen øverst i ovnen. Steik i ca. 5 minutter til skinnsida er sprø.
2. Mens kyllingen steiker lager du quinoasalaten. Kok opp 3 dl vatn, skyll quinoaen godt under rennande vatn og kok i ca. 15 minutt. Avkjøl litt (hurtigavkjøl gjerne i frysaren).
3. Kutt grønnsakene i passelige biter og vend saman med quinoaen. Server straks kyllingen er klar!

Lag gjerne opp mykje når du først er i gang, dette er middag som smaker like godt dagen etterpå!
Tips: riv av kyllingkjøttet og lag en komplett kylling- og quinoasalat. Det må vell vere den perfekte matpakken også?

Og eit siste tips: ta vare på beina og kok kraft♥ Eg har samla opp alle Stange kyllingbein eg har hatt dei siste månedane og fryst ned, så skal eg langtidskoke fleire liter med kraft når eg først er i gang 🙂 Billig, næringsrikt og veldig godt.
Bon Apetit!