Middagsomelett med potet, fetaost & brokkoli

God mandag!
Vi er som vanlig i det kjøttfri hjørnet på mandager, og idag får dokke servert ein digg middagsomelett med potet, fetaost og brokkoli. Eg elsker å ha potetrester igjen fra middagsmaten, det er virkelig så mykje godt ein kan lage med ferdigkokte poteter, og omelett er ein typisk matrett eg pleier å lage. Resten av ingrediensane varierer eg etter kva eg har tilgjengelig, og denne gangen blei det ein kjøttfri middagsomelett som smakte skikkelig godt:
Bruk gjerne oppskrifta som inspirasjon, men lag den med dei ingrediensane du liker og har heime. Eg bruker alltid noko grønt (denne gangen brokkoli, spinat og paprika) pluss noko som gir litt ekstra smak og konsistens (denne gangen potet og fetaost). Alt er godt i ein omelett, men har du ikkje prøvd med potet enda, så anbefaler eg det virkelig 🙂
Dette trenger du til 6 porsjoner
Fremgangsmåte
Slik gjer du:
Kutt poteter i terninger, brokkoli i buketter og spisspaprika i skiver. Ha over i en ildfast form. Fordel over fetaostterninger.
Visp egg og melk sammen. Tilsett grovhakka spinat og krydder. Hell over den ildfaste formen.
Steik på 200 grader, over-undervarme, i ca. 30 minutt, eller til eggeblandinga har satt seg. Server varm, lun eller kald.
Omelett er noko eg synes smaker like godt kaldt som varmt, og rester er heilt toppers å ta med seg i matpakken dagen etterpå 🙂 Det hadde vertfall eg!
Eg servert også med ein frisk , smakfull salat. Litt ekstra grønt høyrer alltid med på middagstallerken 🙂
Velbekomme og god middag♥