LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Frokost og lunsj

Fargerik lompewraps

5 min
1 stk
Lett
Fargerik lompewraps

God onsdag!

La oss snakke litt om lomper igjen… Dei anvendelige, fantastiske lompene som eg fekk smaken på for snart 10 år (!) sidan. Frøkna som aldri har vore glad i brød var lei av knekkebrød, og slik starta det. Sidan det har eg ete lomper nesten kvar einaste dag i en eller anna variant 🙂 Russenavnet mitt i 2012 var til og med Lompe Linda. Det seier vell litt…

Lomper er ikkje kva som helst lomper for min smak. Eg har alltid foretrukket Buer Speltlomper (så lenge dei er ferskast),spesielt når eg ete lomper med pålegg eller lompewraps. Desse er litt større, litt saftigare og litt tjukkare. Bruker eg derimot lomper til lompepizza, lompelasagne, lompechips, lompetoast eller lignande – så velger eg ofte Buer sine vanlige potetlomper, eventuelt andre typer lomper. Billigare og like gode.

Forskjellen næringsmessig mellom speltlomper og potetlomper er nemlig minimal. Eg har skrevet eit innlegg om dette tidligare;«Kva er greia med lomper? Og er det egentlig så stor forskjell på speltlomper og potetlomper?» som du kan lese HER.

Innimellom slår eg til og lager mine egne, heimelaga lomper. Det kan du også gjere, og oppskrift finner du HER. Desse kan du fint lage glutenfri dersom du må ha glutenfri lomper 🙂 Ellers velger du sjølv om du vil lage speltlomper, havrelomper etc. etter kva mjøltype du bruker. Tre ingredienser (og litt tålmodighet) er alt som skal til!

Men, over til dagens lompetips! Som nevnt så ete eg lomper nesten kvar einaste dag, og då stort sett med pålegg eller som lompewraps. Eg varierer pålegget heile tida, og har dilla på ulike påleggsvarianter i perioder. En klassikar eg alltid går tilbake til er den med skinke & ost, eventuelt skinke & avokado (+ litt ekstra). Dette er pålegg som eg alltid har i kjøleskapet uansett, og derfor blir det en klassikar eg trutt og ofte velger.

Dette trenger du til 1 stk

se oppskrift lomper
kremgo
ruccola
skinke
ost
paprika
etter smak pepper

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

Smør eit godt lag med kremost på halve lompa. Legg deretter ruccola/spinat på den andre halvdelen, etterfulgt av skinke, ost/avokado, strimler av paprika + litt grovkverna pepper.

Start å rulle lompa fra den enden du har pålegget. Det er for at kremosten skal fungerer som lim, og holde lompa sammen når den er ferdig rulla. Et lompewrapsen som den er, del i to på midten eller del eventuelt i mindre biter. Nyt!

Lompewraps passer like godt til frukost som lunsj, i matpakken, som turmat eller kveldsmat, alltid med litt ekstra grønt på sida♥

Tips! Skal du ha med deg lompewraps i matpakken?
Visst du lager klar matpakken på morgonen, så holder lompene seg fint til lunsjen i en matboks. Eg pleier faktisk å klargjere matpakken kvelden før, og då pakker eg lompewrapsen inn i folie og legger dei i en matboks. Då er dei like ferske og gode til lunsjtider dagen etterpå 🙂

Fargerik lompewraps - image 4

Prøv å bytte ut brødskivene til frukost eller lunsj med lompewraps! Det trenger absolutt ikkje vere noko avansert, men litt variasjon i kostholdet har vi godt av 🙂 Og det ser vell litt fristande ut å åpne denne matboksen i lunsjpausen på jobb…?

Fargerik lompewraps - image 5

Eg blir vertfall veldig happy av det synet her! LompeLindas lompeglede, eg håper det smitter over på fleire som (enda) ikkje er overbevist om å inkludere litt meir lomper i kostholdet 🙂