Enkle, grove pizzahorn

God torsdag!
Høyres det ikkje godt ut med nybakte, grove pizzahorn med ost og skinke? Vi nærmer oss helga med stormskritt, så kanskje dette kan friste å lage? 🙂 Dette er ei enkel og grei oppskrift som som du naturligvis kan fylle med det du ønsker, ost & skinke er ein sikker vinner for både store og små – men her er det mykje anna godt som kan brukast også 🙂
Pizzahorn passer like godt til kvardagsmiddag som helgemiddag, lunsj eller matpakken, turmat eller kveldsmat 🙂Lag gjerne en stor porsjon når du først er i gang, dei er nemlig supre å fryse og deretter ta opp til ein seinare anledning!
(PS! Deiga er veldig enkel å jobbe med!!!)
Dette trenger du til 16 stk
Deig
Fyll
Topping
Fremgangsmåte
Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.
2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl til en glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, så gjer du det. La deiga elte i 5-10 minutt. Sett deiga til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time.
3. Del deiga i to og kjevle ut til to runde leiver. Bruk litt mjøl på benken og snu gjerne deiga underveis, så du er sikker på den ikkje henger fast i benken.
4. Bruk en pizzaskjærer og del opp i åtte trekanter. Smør på pizzasaus/ketchup, skinke og ost i midten av trekanten. Topp gjerne med litt krydder, eg brukte dolly dimples pizzakrydder. Start å rulle kvar trekant fra den breiaste delen først.
5. Legg pizzahorna på eit steikebrett med bakepapir. Du treng to steikebrett til denne oppskrifta (eit brett pr. runde leive med 8 stk). Sett ovnen på 200 grader. La horna etterheve i ca. 30 minutt med eit kjøkkenhandkle over.
6. Pensle pizzahorna med egg (evt. melk/vatn) og dryss gjerne over litt valmuefrø/havregryn. Steik midt i ovnen i 15-20 minutt, eller til pizzahorna er gylne. Avkjøl på rist.
Eg serverte ferske pizzahorn til middag med ein frisk salat & fetaost. Nydelig!