Doble sjokoladeflarn – uten sukker!

Hei!
For å vere heilt ærlig så er det veldig få av de i tradisjonelle julekakene eg egentlig synes noko om. Doble sjokoladeflarn er kanskje ikkje den mest tradisjonelle, men det er ei av dei julekakene eg er vokst opp med som faktisk er veldig gode etter min smak 🙂 På mandag delte eg oppskrift på sukkerfri, sprø havreflarn – og idag tar eg steget vidare med doble sjokoladeflarn. Dei er ikkje heilt som originalen, men absolutt eit godt alternativ for dei som vil eller må!
PS! I slike oppskrifter som denne (småkaker) utgjer sukrin ein relativt stor del av tørrvarene. I desse oppskriftene er det dessverre nokon som kjenner ein kald/isande ettersmak av ferdig resultat.

* eg synes definitivt det er best med mørk sjokolade i havreflarn, men det er smak og behag. Eg brukte lys sjokolade her fordi det var det eg hadde tilgjengelig. Eg foretrekker lys sukrinsjokolade eller lys/mørk sjokolade fra merket Cavalier, som eg kjøper på helsekostbutikker.
Eg har oppbevart sjokoladeflarna i kjøleskapet, men det går nok fint å oppbevare dei i en luftett boks i romtemperatur visst du ikkje har det for varmt heime hos deg 🙂 Står seg i minst 1-2 veker.
Nytast i julemåneden♥
Eg sitter fortsatt midt i heimeeksamen og er no ca. halvveis. Eg må berre prioritere og svaring av kommentarer, mail og innbokser på facebook og instagram må vente desse dagane 🙂
No skal eg ut å lufte meg litt, før eg må jobbe vidare. God helg alle sammen♥
Dette trenger du til 25 stk
Deig
Fyll
Fremgangsmåte
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Ha havregryn i en bolle. Smelt smør, hell over havregryna og la det stå i 5-10 minutt å svelle.
Slik gjer du:
2. I mellomtida pisker du egg, sukrin gold og sukrin+ til en luftig og lysare eggedosis med miksmaster*.
3. Rør eggedosisen inn i havregrynsblandinga. Tilsett bakepulver og mjøl og vend godt sammen.
4. Legg deiga som små klatter på steikebrett med bakepapir. Hugs mellomrom, massen vil flyte utover! Steik midt i ovnen i 6-8 minutt, eller til havreflarna er gylne i kantane. Følg med, for steiketida vil variere fra ovn til ovn.
5. La havreflarna avkjøle seg litt på steikebrettet, deretter på rist til dei er heilt avkjølte.
For tips og alternativer til havreflarna, les originalinnlegget her.

Knekk opp sjokoladen og smelt den forsiktig. Bruk gjerne 1 ts kokosfett om du har det for å smelte den lettare. Sett saman to og to havreflarn med sjokolade mellom. Dypp deretter kantane av den samansatte kjeksen i sjokolade. Sett i kjøleskapet til sjokoladen har stivna.