LINDASTUHAUG
Oppdatert for 6 måneder siden|Middag

Krema blomkålform med skinke

40 min
4 porsjoner
Lett
Krema blomkålform med skinke

/egenreklame for egen bok

Heisann!

I desse blomkåltider synes eg det er på sin rette plass å komme med nokre blomkåloppskrifter. Generelt liker eg å bruker råvarer i sesong, så det vil komme mykje oppskrifter framover med sesongens norske frukter og grønnsaker 🙂 Har du nokon ønskeoppskrifter er det berre å komme med♥

Dagens oppskrift på blomkålform er faktisk henta fra boka mi OPPTUR MED SUNN MAT!

Krema blomkålform med skinke - image 1

Eg lagde blomkålforma som eksklusiv oppskrift for boka, så denne har mange av de allerede prøvd. Eg deler egentlig ikkje oppskriftene fra boka på bloggen, men denne vil eg gjere eit unntak på 🙂

Krema blomkålform med skinke - image 2

Foto: Jon Marius Nilsson

Dette er en krema og skikkelig smakfull blomkålform for heile familien. Den kan fint klargjerast kvelden i forevegn, så er det berre å steike forma etter jobb. Kvardagsmiddag på sitt beste!

Krema blomkålform med skinke - image 3

Dette trenger du til 4 porsjoner

Til en porsjon

2 stk blomkål
400 g skinke
100 g spekeskinke
1 stk purreløk
6 dl melk
1 pk kremost
3-4 ss maisenna
150 g riven ost
salt, pepar og muskat

Tilbehør

kokte poteter

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

1. Sett potetene på kok og ovnen på 225 grader over- og under- varme. Kutt blomkålen i bukettar og kok dei i lettsalta vatn eller buljong i 2–3 minutt. Ha over i ein stor bolle. Kutt skinke og purreløk i passelege bitar og ha dei over i same bolle.

2. Kok opp melk og kremost urter. Bland maisenna med vatn og tilsett i den kokande melka til ein fyldig og krema saus. Smak til med salt, pepar og muskat.

3. Bland sausen med blomkålblandinga. Hell over i ei passeleg eldfast form og topp med hakka spekeskinke og riven ost.

4. Steik midt i ovnen til osten er smelta og gyllen. Server med kokte poteter.

Foto: Jon Marius Nilsson

Så fantastisk god! Denne skal eg garantert lage ein av dei nærmaste dagane♥


Og du? Er du du i gang med rutiner og sunne matvaner igjen etter sommaren, så kan boka mi absolutt vere til god hjelp. Opptur med sunn mat er for deg som vil ha inspirasjon til sunne, enkle og varierte oppskrifter til dagens måltder. Boka inneholder 80 oppskrifter på frukost, matpakker, middager og sukkerfri alternativ til det søte.

I tillegg kan du bruke boka som eit verktøy for å komme i gang med kostholdsendringar. Eg deler mine beste tips for eit sunnare matvalg, gir konkrete anbefalinger og motivasjonstriks som er enkle å følge for alle. Perfekt for deg som treng ein dytt i riktig retning, eller som ønsker å halde på dei gode vanane♥

Boka kan du bestille HER på Frisk Forlag si heimeside. Den er også å finne i dei aller fleste bokhandlere 🙂